User
Write something
Pinned
Velkomen til Enkel bok!
Eg ynskjer at mange fleire som har noko pĂ„ hjarta skal kunna gje ut bĂžkene sine. Difor har eg etablert Enkel bok som ein formidlar av kunnskap og leverandĂžr av tenester som har med bokdesign Ă„ gjera. Denne gruppa skal vera ein plass Ă„ lĂŠra, tenkja, stilla spĂžrsmĂ„l og fĂ„ svar – om alle ting som dreier seg om Ă„ gje ut bok. Om du er ny her, kan du sjĂ„ gjennom «Start her», som du finn under fana «Classroom». Der finn du det du treng Ă„ vita om Skool og vegen vidare. Velkomen med pĂ„ vegen til ei fin bok!
0
0
Velkomen til Enkel bok!
Pinned
Klar for start?
Som du har forstĂ„tt for lengst, er det ikkje berre skriving, formgjeving og trykkjing som avgjer om eit bokprosjekt kan stemplast som ein suksess. Det er sĂ„ mange ting som skal pĂ„ plass. For Ă„ koma i gong med alt saman, kan du gjerne slĂ„ av ein prat med meg for Ă„ rydda litt i tankane. Du finn ledige tider i kalenderen her. Og er du klar for Ă„ ta fatt pĂ„ boka di, send meg ei melding og fortel om kva du ser for deg, sĂ„ kan eg hjelpa deg i gong. Enkel bok gjer det enkelt Ă„ produsera boka: 1. Vel ein pakke Finn den designpakken som passar prosjektet ditt best, betal og vi kjem i gong dagen etter.UnngĂ„ vekelange vurderingar om nĂžyaktig sidetal, korrektur-rundar, kontraktar og Ăžvrige vilkĂ„r. Eg har faste prisar pĂ„ ombrekkingsarbeidet. Bestem deg i dag og kom i gang med formgjevinga i morgon. 2. Send oss tekst og bilete Send meg ferdig korrekturlest tekst og dei bileta du vil bruka. ‍Eg formgjev klassiske og fine boksider som fĂžlgjer etablerte typografiske prinsipp. Du kan vere trygg pĂ„ at boksidene blir lesbare og flyt godt. 3. FĂ„ trykkeklare filer Vegen er kort frĂ„ godkjend utkast til trykkeklar fil. Vi held lĂžpande kontakt og du fĂ„r jamnlege oppdateringar til vi er i mĂ„l. Eg kan ogsĂ„ hjelpa deg med Ă„ ordna trykking. I tenkeboksen? SlĂ„ gjerne av ein prat for Ă„ finna ut kva du treng og kva eg kan gjera.
0
0
Den enkle vegen frÄ idé til ferdig bok
Ei fin bok mellom hendene er noko av det beste som finst. Lukta av eit godt papir og trykksverte. Ei historie som opnar seg. Folk som fortel. Bilete som vekker kjensler. Provet pĂ„ lang tid med hardt arbeid. Men vegen fram til ei ferdig bok kan vere lang og kronglete. Alle dei spĂžrsmĂ„la ein har nĂ„r ein startar er berre toppen av isfjellet som er alle dei spĂžrsmĂ„la ein ikkje visste ein hadde. Det er mykje Ă„ ta fatt pĂ„. Og sĂ„ skal jo boka sjĂ„ bra ut ogsĂ„. Kva om nokon kunne forklara og rettleia i arbeidet? ​Enkelbok.no​ er ein grafisk designar som forvandlar tekstar, bilete og illustrasjonar om til lettleste og vakre bĂžker. I tillegg set vi opp ein plan for levering av innhald, set opp lister over ting som mĂ„ ordnast, ser over sprĂ„k og kan meina noko om innhald og marknadsfĂžring. For dei som vil gje ut bok sjĂžlv er vi er ein los som du kan lita pĂ„! Og har du kontroll pĂ„ det meste, men berre treng designet klart til trykk, tek vi hand om det ogsĂ„. Vi er smĂ„ og fleksible – og ganske kjappe. Vi skal snart sjĂ„ pĂ„ nokre dĂžme pĂ„ bĂžker vi har laga. Med vensam helsing Kristen Hus Grafisk formgjevar
0
0
Alt eg ikkje visste om Ă„ laga ei bok
Takk for at du er interessert i gode bÞker. Eg heiter Kristen og eg har jobba med lokale bÞker i mindre opplag i over 17 Är. No vil eg dela nokre tankar om bokproduksjon med deg. Eg veit det er mykje Ä halda styr pÄ nÄr du skal gje ut ei bok eller andre trykte publikasjonar. Eg hugsar dÄ eg sjÞlv skulle gje ut ei bok fÞrste gongen. Vi hadde byrja pÄ nokre tekstar, fÄtt inn nokre foto, sjekka prisar pÄ grafisk produksjon og trykking. Mange spÞrsmÄl meldte seg. - Er det aktuelt Ä finna eit forlag? - Kan vi gje ut boka sjÞlv? - Kven skal lesa korrektur og meina noko om tekstane? - Kven skal formgje boksidene? - Korleis organisere kapittel og innhaldsliste? - Korleis fÄ gamle papirbilete til Ä bli bra pÄ trykk? - Kva er eit godt omslag? - Kven ordnar med ISBN og strekkode? - Kor stort skal opplaget vere? - Kva med marknadsfÞring? 
 og mange, mange fleire ting dukka opp som vi ikkje visste noko om. Vi brukte mÄnadsvis pÄ Ä finna ut av alt. For vÄr del var det best Ä gje ut boka sjÞlv. Men vi skulle brukt tida pÄ dei tinga vi kunne, dÄ hadde prosessen vore mykje smidigare. Etter mange slike prosjekt veit eg no korleis ein forvandlar tekstar og bilete om til fine og lesbare bÞker, og korleis ein fÄr dei frÄ idé-stadiet og ut til bokhandelen. Eg har skapt ein tydeleg prosess som er lett Ä fÞlgja, sjÞlv for den som ikkje har erfaring med bokproduksjon frÄ fÞr. Snart skal eg fortelja meir om denne lÞysinga. Med vensam helsing Kristen Hus Grafisk formgjevar
0
0
Den enkle vegen til ei fin bok: Oppsummering
Det er mange boksar ein skal kryssa av nĂ„r ein skal gje ut ei bok. Ein er innom mange idĂ©ar, ulike platformar, mĂ„tar Ă„ skriva pĂ„, format, formgjeving, trykkedetaljar, budsjett. Eg vonar at mini-kurset Den enkle vegen til ei fin bok har vore med pĂ„ Ă„ skapa gode idĂ©ar og vore til hjelp i din eigen prosess. ☞ Eg har oppsummert punkta vi har vore innom her. Kor er du i lĂžypa?
0
0
1-15 of 15
powered by
Enkel bok
skool.com/publication-to-print-4711
Enkel og fin bokdesign til faste prisar! Vi rettleier deg gjennom designprosessen og skapar vakre publikasjonar. Kom i gang med boka di i dag! 📖
Build your own community
Bring people together around your passion and get paid.
Powered by