Eg ynskjer at mange fleire som har noko på hjarta skal kunna gje ut bøkene sine.
Difor har eg etablert Enkel bok som ein formidlar av kunnskap og leverandør av tenester som har med bokdesign å gjera.
Denne gruppa skal vera ein plass å læra, tenkja, stilla spørsmål og få svar – om alle ting som dreier seg om å gje ut bok.
Om du er ny her, kan du sjå gjennom «Start her», som du finn under fana «Classroom». Der finn du det du treng å vita om Skool og vegen vidare. Velkomen med på vegen til ei fin bok!