Som du har forstått for lengst, er det ikkje berre skriving, formgjeving og trykkjing som avgjer om eit bokprosjekt kan stemplast som ein suksess. Det er så mange ting som skal på plass.
For å koma i gong med alt saman, kan du gjerne slå av ein prat med meg for å rydda litt i tankane. Du finn ledige tider i kalenderen her. Og er du klar for å ta fatt på boka di, send meg ei melding og fortel om kva du ser for deg, så kan eg hjelpa deg i gong.
Enkel bok gjer det enkelt å produsera boka:
1. Vel ein pakke
Finn den designpakken som passar prosjektet ditt best, betal og vi kjem i gong dagen etter.Unngå vekelange vurderingar om nøyaktig sidetal, korrektur-rundar, kontraktar og øvrige vilkår. Eg har faste prisar på ombrekkingsarbeidet. Bestem deg i dag og kom i gang med formgjevinga i morgon. 2. Send oss tekst og bilete
Send meg ferdig korrekturlest tekst og dei bileta du vil bruka. Eg formgjev klassiske og fine boksider som følgjer etablerte typografiske prinsipp. Du kan vere trygg på at boksidene blir lesbare og flyt godt.
3. Få trykkeklare filer
Vegen er kort frå godkjend utkast til trykkeklar fil. Vi held løpande kontakt og du får jamnlege oppdateringar til vi er i mål. Eg kan også hjelpa deg med å ordna trykking.