Oct 30 • Generelt
Alt eg ikkje visste om å laga ei bok
Takk for at du er interessert i gode bøker. Eg heiter Kristen og eg har jobba med lokale bøker i mindre opplag i over 17 år. No vil eg dela nokre tankar om bokproduksjon med deg.
Eg veit det er mykje å halda styr på når du skal gje ut ei bok eller andre trykte publikasjonar.
Eg hugsar då eg sjølv skulle gje ut ei bok første gongen. Vi hadde byrja på nokre tekstar, fått inn nokre foto, sjekka prisar på grafisk produksjon og trykking. Mange spørsmål meldte seg.
  • Er det aktuelt å finna eit forlag?
  • Kan vi gje ut boka sjølv?
  • Kven skal lesa korrektur og meina noko om tekstane?
  • Kven skal formgje boksidene?
  • Korleis organisere kapittel og innhaldsliste?
  • Korleis få gamle papirbilete til å bli bra på trykk?
  • Kva er eit godt omslag?
  • Kven ordnar med ISBN og strekkode?
  • Kor stort skal opplaget vere?
  • Kva med marknadsføring?
… og mange, mange fleire ting dukka opp som vi ikkje visste noko om.
Vi brukte månadsvis på å finna ut av alt. For vår del var det best å gje ut boka sjølv. Men vi skulle brukt tida på dei tinga vi kunne, då hadde prosessen vore mykje smidigare.
Etter mange slike prosjekt veit eg no korleis ein forvandlar tekstar og bilete om til fine og lesbare bøker, og korleis ein får dei frå idé-stadiet og ut til bokhandelen. Eg har skapt ein tydeleg prosess som er lett å følgja, sjølv for den som ikkje har erfaring med bokproduksjon frå før.
Snart skal eg fortelja meir om denne løysinga.
Med vensam helsing
Kristen Hus
Grafisk formgjevar
0
0 comments
Kris Hus
1
Alt eg ikkje visste om å laga ei bok
powered by
Enkel bok
skool.com/publication-to-print-4711
Enkel og fin bokdesign til faste prisar! Vi rettleier deg gjennom designprosessen og skapar vakre publikasjonar. Kom i gang med boka di i dag! 📖
Build your own community
Bring people together around your passion and get paid.
Powered by