Nov 10 • Generelt
Den enkle vegen frå idé til ferdig bok
Ei fin bok mellom hendene er noko av det beste som finst.
Lukta av eit godt papir og trykksverte. Ei historie som opnar seg. Folk som fortel. Bilete som vekker kjensler. Provet på lang tid med hardt arbeid.
Men vegen fram til ei ferdig bok kan vere lang og kronglete.
Alle dei spørsmåla ein har når ein startar er berre toppen av isfjellet som er alle dei spørsmåla ein ikkje visste ein hadde. Det er mykje å ta fatt på.
Og så skal jo boka sjå bra ut også.
Kva om nokon kunne forklara og rettleia i arbeidet?
Enkelbok.no er ein grafisk designar som forvandlar tekstar, bilete og illustrasjonar om til lettleste og vakre bøker. I tillegg set vi opp ein plan for levering av innhald, set opp lister over ting som må ordnast, ser over språk og kan meina noko om innhald og marknadsføring.
For dei som vil gje ut bok sjølv er vi er ein los som du kan lita på!
Og har du kontroll på det meste, men berre treng designet klart til trykk, tek vi hand om det også.
Vi er små og fleksible – og ganske kjappe.
Vi skal snart sjå på nokre døme på bøker vi har laga.
Med vensam helsing
Kristen Hus Grafisk formgjevar
0
0 comments
Kris Hus
1
Den enkle vegen frå idé til ferdig bok
powered by
Enkel bok
skool.com/publication-to-print-4711
Enkel og fin bokdesign til faste prisar! Vi rettleier deg gjennom designprosessen og skapar vakre publikasjonar. Kom i gang med boka di i dag! 📖
Build your own community
Bring people together around your passion and get paid.
Powered by