Eg kjenner verkeleg på desse tunge energiane om dagen! 🥹 I dag er eg rett og slett kvalm, uvel og kjenner det i heile kroppen. Eg er så lei av å kjenne på denne tyngda! ❤️🩹 Vi er midt inne i Skorpionen sin sesong, der transformasjon, gamle mønster, kjensler og det som ligg gøymt i underbevisstheita, står sentralt. ♏️🔥 Og med så mange planetar og asteroidar i retrograd, kan det astrologisk kjennast som om vi blir inviterte til å gå innover, stoppe opp og sjå på det vi kanskje har prøvd å skyve unna. Men av og til har eg berre lyst til å rope: NO ER DET NOK! 🥹 Eg vil kjenne på FLYT, glede, fridom og lettheit igjen! ❤️🦋 Eg vil vere som ørna, løfte meg over alt det tunge og sjå livet frå eit høgare perspektiv! 🦅✨ Men kanskje må vi også tillate oss å vere menneske, kjenne på det som er, og ikkje alltid måtte vere så sterke. ❤️